Siste onsdagsregatta 2018 - 26/9
Post date: 26.sep.2018 20:06:06
6 båtar til start i typisk haustveir, regn og vindbyger.
Det vart valgt lang bane med ekstra kryssing av Ørstafjorden før målgang.
Tabula Rasa (Banner 26) Standal/Vaagen, avslutta halvvegs på første legget.
Fleire reva segla under regattaen, men nokre broacher var ikkje til å unngå.
Ved målgang kvart over 7, auka vinden, og det vart heftig å kome seg trygt i havn.
Østgård og Steinnes valde å vente på at vinden løya, men dette tok si tid.
Alt i alt, ei god oppkjøring til regattaen på førstkomande laurdag.