Hauststormen 2014
Post date: 28.sep.2014 00:14:18
Årets hauststormregatta såg ut til å kunne bli ein skikkeleg "hauststorm"-regatta. Starttida vart da også flytta to timar, grunna sterke vindmeldingar. Ved starten kl 11.45 hadde difor vinden løya noko, og gav varierande styrke for regattastart, etter gunder metoden. Gjennom Yksnøysundet var gruppa nokså samla, noko som førte til at det vart trangt om plassen under kryss i sundet. Legget frå Yksnøya inn til Bjervika gav varierande vindstyrke- og retningsforhold. Under runding av Lidaholmen opplevde fleire tidvis at vinden forsvant heit, eller at vinden konstant skifta retning. Frå Berkneset og over til Raudøya fekk dei fleste jamn god vind frå vest-sørvest, før den atter skulle bli svak eller opphøre heilt ved Raudøyholmen. Før alle båtar hadde passert bøya ved Digernes, var makstida på fire timar opphøyrt, og det vart derfor bestemt avkorting ved Raudøya. Årets regatta vart gjennomført i meir eller mindre konstant nedbør, i form av regn. Gratulerer til Volante og skipper Kjell Sævik, som gjekk av med sigeren, og dermed får overta vandrepokalen.
RESULTATLISTA - avkorting ved Raudøya:
1. Kjell Sævik Volante Bavaria 46 Cr
2. Bent Nilsen Anne Lise Bianca 107
3. Sverre Aambakk InSuNo J.SO.39 Per
4. Arne Østgaard Desiree J.So.42i
5. Atle Bjerkvik Memore Bell Oc 423
5. Tor Taftesund Marie Oceanis 48
7. Anders Steinnes Ariel Bavaria 38
8. Per Terje Haugen Blue Quest S.O. 36i
9. Oddvar Marøy Frida Oc 361
Ariel etter runding av staken ved Yksnøya. Foto: Frode Steinnes
Før runding av Lidaholmen, Bjerkvika. Foto: Frode Steinnes
Runding av staken ved Lidaholmen vart foretatt på kloss hold av Ariel. Andre var meir på kloss hold av kvarandre. Foto: Frode Steinnes
Premiefest på Ankerstova med utdeling av deltakarpremiar sponsa av Retura, og vandrepokalen, som i år vart overrekt til Kjell Sævik, Volante.