Gunderseglas frå Rjåneset 30. august 2017
Post date: 30.aug.2017 20:21:23
Laber til frisk bris frå sør prega regattaen. 7 båtar til start. Tidsalternativ med middels rask vind.
Tett tevling siste minutta før målgong med siger til Anders framom Kjell.
Etter konferering med regattaansvarleg vart Håvard Masdal diska for feil start. Det vert satt på konto for opplæringsfeil.
Dei tre siste båtane i mål valde alle å starte langt ute i fjorden, noko som viste seg vere lite gunstig sett i forhold til båtane som starta nærast Rjåneset og fekk gå på eit legg neste heil opp til runding på Bjerkneset. Gratulerer til Anders som endeleg fekk ei topplassering.
Foto: Ariel