Flott onsdagsregatta frå Rjåneset
Post date: 02.sep.2015 19:35:52
På grunn av mangel på vind i Ørstafjorden vart regattaen flytta til Rjåneset. Eit klokt val.Banevalet var runding av Yksnøya og retur til Rjåneset med målgang ved overettline mellom lykta på Rjåneset og Trafostasjon i Eiksund.
Øye/Knutsen og Marøy vart vinka av ved Rjånest for ugyldige målpasseringar. Begge var for langt frå neset og måtte vende tilbake for å få godkjent.
Nok ein flott regatta frå Rjåneset. Kanskje fleire regattaer bør gjennomførast der i staden for innerst i Ørstafjorden.
Atle Bjerkvik var først i mål og hadde god margin på konkurentane og fekk ein fortjent siger. Det luktar av samanlagtsiger no.
Memora Bell, 4-Life og Anne Lise først over start. Foto: Ariel/Anders A. Steinnes