Om ØSF

Ørsta Seilforening (ØSF) er ei lita seilforening på Sunnmørskysten. Allereie i 2002 starta vi med litt uformell regattaaktivitet. Det viste seg at interessa for seglsporten var stor i vårt område, noko som resulterte i at Ørsta Seilforening vart skipa 3.mars 2005. Vårt hovudmål er å fremje seglsporten. Vi driv med regattasegling og i tillegg har vi fleire familieregatta der vi legg stor vekt på det sosiale.

ØSF sine medlemar brukar båtane mykje både til tur og regatta. Pinseturen til Øye er noko vi ser fram til. Dette har vorte ein årviss tur der det sosiale ilag med familie og seilvener er det viktigaste.

Onsdagsregatta vert arrangert frå Mai til September. Vi vekslar på å ha regatta i Ørstafjorden, ved Rjåneset og ved Berkneset. På alle desse plassane har vi ulike baner å velje mellom og i gjennomsnitt har vi hatt 8 – 12 båtar som stiller til start kvar onsdagsregatta.

Årets siste regatta, "Hauststormen”, vert arrangert på ein Laurdag. Like etter at siste båten er komen i mål ventar premieutdeling og sosialt samvær.

Årsmøte/fest med premieutdeling for onsdagsserien held vi kvart år i januar.

Har du seglbåt og synest dette høyrest kjekt ut så er du velkomen som medlem. Vi har no tilbod om hovudmedlemskap for dei som har båt og ynskjer å vere medlem og mannskapsmedlemskap for dei som ikkje har båt, men likevel ynskjer å vere medlem. Meir informasjon om medlemskap og korleis du kan melde deg inn finn du under fana Om ØSF - Medlemskap.