Post date: 13.aug.2016 15:22:18
Seilforeininga si samling på Borgarøya vart arrangert med regatta i Steinsfjorden.
Start ved Byholmskråkene og ut Steinsfjorden med runding nord om Kyrkjefluda og Skyflesfluda. Retur tilbake med målgang mellom Håkonsholmane og Tjuvholmskråkene. Totalt ca 6 nm. 6 båtar til start.
Startbåt Bent Nilsen, frådrag starttid 1m57s + 1m seglheising.
Stort sett småregn under heile regattaen.Vind frå NV 5-10 m/sek
Rimeleg god samling ved runding av Kyrkjefluda og spenning om plasseringane bak første båt i mål, som ikkje overraskande vart Bent Nilsen.
Flott baneval og flott omgjevnader å segle i. Veiret var det ingen som greidde gjere noke med.
Gratulerer til Bent som tek med seg vandrepokal på noko som kan verte eit årleg arrangement.
Alle foto: Anders A. Steinnes