Siste onsdagsregatta 2017
Post date: 27.sep.2017 20:17:18
Finfin haustkveld, mild bris frå aust og 10 båtar til start.
Det var stor spreiing av båtar utover i fjorden, og spennande kvar i fjorden det var mest vind.
Mot slutten vart det tett kniving mellom Alf Rune og Sverre om å verte første båt i mål, men sigeren gjekk denne gongen til Sverre Aambakk, gratulerer !