Samling på Borgarøya med regatta laurdag 13. august 2016

Post date: 09.aug.2016 12:59:39

Komande helg, 12.-14. august, vert det samlingtur til Borgarøya i Ulstein kommune. Denne helga var opprinneleg satt opp med tur til Haugsholmen og med regatta Svinøya Rundt, men har av styret for ØSF blitt flytta på kort varsel av ymse årsaker.Borgarøya er ein idyllinsk plass på Ytre Sunnmøre, ca 20nm frå Ørsta, med god plass ved flott bryggeanlegg. Der er moglegheit for straum og evt vatn. På land er der benkar og grill til grilling og sosialt lag. Regatta laurdag 13. august vert lagt i området mellom Hatløya og Runde, med skippermøte kl 1130 og regattastart kl 1300.

Mange reiser fredag og blir til søndag, men der er også rom for å være med berre på regattaen laurdag. Om ein ikkje har mannskap til regatta, vert det lagt opp til at ein kan være med andre som mannskap, eller få mannskap.

Det vert lagt opp til felles grilling og sosialt samvær på kvelden laurdag, med premiering av regatta.

Med venleg helsing

styret for ØSF

https://lh3.googleusercontent.com/5X8ULcVWUH1R5Jpbu7JbuqO_UK1O0s0whLdnOSHZgBg4lbv4hDAezRVC4FoA3gnN9OosW0oB5s54-aaS8uin-YFpIGcZqxk15TISP1PRTHJbDKFKIOQ21-z3pP7bjcmFCTyF969c5MA7oYw42OiQgCWg2ypoO6G45uIp66BwEUDddXc7ZoRgss2C0AjylWNVBkmBmjhJIdzEMmTkpH3vtka5fiyrOo9-5cTEY_DVp4J4QU42hsewGjo-Y6adUyB-ianRXu2yhdZNMk3gpq2MOxPfijGwd_i7uY-_peuNo2Saqc9rppwQ_6idv3w9ZdeQg5T1GrzQjpuOyIcSuAADVlqnmDtalhViIXv3iErs4GOgpuN-wTjlfOJ383KZ05-_bgupguMYVLET8FAuSX64XfFTs2V6esacD1fpddHw_ncA5Xne4eGd0nadpGWAMdSdokrsnq5CLQOvrugWQs1aord4z_TnYDXQSk6YZ4Aeo4h7NKUIFt4oFH3jYPyGXb_oJIl8pVsv1JYfOstdUSLK2dfjFyOd0I3sGQ27_JdxYYMHuILFqq4gEnc7ZrsKGEN4syuQY5nnkckE4j-eGtYteTo6HxkXF52p=w1005-h559-no