Gunderregatta frå Rjånes 11 juni.
Post date: 11.jun.2014 19:54:52
Værmeldingane var lite å verte klok på, 4-5 sekundmeter frå sørvest vart erstatta med 8-10 sekundmeter vind frå søraust.Vindtunge regnbyger pressa på inne i fjordane, men regnet slapp ikkje til. Med unnatak for området rundt Bjerkneset var det godt med vind det meste av tida.
Gratulerer til Peter som valde å gå langt vest på første legget. Lenge såg dette lite lurt ut, men vart nok avgjerande i dag.
7 båtar til start. Peter Holvik har samanlagt sanka flest poeng (67p) hittil i år.
På plassane bak finn vi Bent Nilsen (61p), Arne Østgård (58p), Kjell Sævk (53p) og Atle Bjerkvik (48p).