Pinsetur til Øye - ein årleg tradisjon
Post date: 30.mai.2012 22:06:54
Fredag 25. mai var det tradisjonen tru pinsetur til Øye i vakre Hjørundfjorden. Og i år var vi verkeleg heldige med været. Heile 10 båtar med store og små frå ØSF hadde funne vegen innover, så det vart ein skikkeleg god samling av ørstingar. Sykkelturar, kajakkpadling, bading, fjellturar og leik på plenen var nokre av aktivitetane i sol og varme. Om kvelden var det felles grilling ved kaihuset, og peiskos til langt på kveld. Nokre nytta tida til oppgradering av båten, medan andre låg i hengekøya og kosa seg. For underteikna har det gjennom fem år blitt ein god tradisjon å vere på Øye i pinsa. Det er noko trollsk og samtidig utruleg avslappande å liggje der blandt desse høge og flotte fjella. Og med snøras og steinsprang i bakgrunnen, får ein verkeleg oppleve naturen sine krefter på nært hald.
Søndagskvelden skya det over og blåste opp. Fleire måtte ut og sette ekstra fortøyningar, og for fleire vart det ei uroleg natt med mykje dasking i hekken.
Tekst og foto: Anders A. Steinnes
God stemning i Kaihuset
10 båtar frå ØSF var samla til Pinsehelg på Øye
Marit kosar seg i hengekøya. Dette er ferie....
Atle diskar opp godsaker på grillen
Kaffikos og soling - kan det bli betre?
Torbjørn testar badetemperaturen
Fleire gongar opplevde vi snøras og steinsprang.
Det var fleire som nytta høvet til eit forfriskande bad