Medlemsmøte nr 1 - 2017 - Ørsta Seilforening
Post date: 06.mar.2017 11:06:05
Ta med deg mannskap og møte opp for å gå gjennom og diskutere fylgjande tema:
- Skal ØSF gå over frå LYS-systemtal til NOR-rating ?
· Korleis gjer vi det i dag, og korleis vert dette oppfatta å fungere?
· Kva er fordelane med å går over på NOR-rating?
· Kva er ulempene / utfordringane med å gå over på NOR-rating?
· Kva organisatoriske grep må ein ta for å gjere ei slik endring
· Kva innverknad gir det nye NOR-rating på organisering av regatta?
- Målebrev, måling av båtar i ØSF?
· kva må til for å få eit målebrev?
· Kva kostar det?
· Kor mange av oss ynskjer seg målebrev?
· Og korleis organiserer ein dette?
- Hendingar på fjorden
· her ynksjer vi å ta fram situasjonar frå regattasesongane vi har lagt bak oss, særlig i høve start og runding av banemerke, men også andre situasjoner der båtane kjem i nærkontakt i ein regatta.
Målet er å få fram opplevde situasjonen og diskutere kva reglar som gjeld. Vi har ikkje engasjert eksterne «ekspertar» denne gongen, men vi tek med Kappseglingsreglane og diskuterer ut i frå disse.
Stad: Tussatun
Tid: Onsdag 8. mars 2017 kl 1900
Vennleg helsing
Styret i Ørsta Seilforening