Ny nordavindseglas 8/6-16
Post date: 08.jun.2016 19:51:40
Gratulerer til Atle som var først i mål av 10 båtar og fekk ny siger i dag. Utrøna greidde ikkje overgå den kalde nordavinden og det vart hektisk mellom Digernes og Hagen for dei som ikkje hadde reva nok.
På siste legget dreia vinden mot NA og alle måtte baute eit par ekstra gonger før mål. I tetgruppa vart det rimeleg jamnt mellom fleire båtar ved mållina.
Jamne og like forhold for alle. ....og ein fantastisk seglas tilbake til Rjåneset i etterkant av regattaen. Ka skal ein med motor ?
Foto: "Ariel"