Post date: 14.aug.2014 09:34:57
HEI ALLE SEILVENER
Det er klart for den årlege Familie/turregattaen - laurdag 16.08 og søndag 17.08.
med sosialt samvær/overnatting i Klungsvågen. Regattabestemmelsar ligg vedlagt, det er same opplegg som i fjor, men print ut denne og ta med om bord!
Klungsvågen:
Etter regatta samlast vi i Klungsvågen på Eika. Vi fortøyer i bøyene og med nødvendig landtau.
- Felles grilling – ØSF held grillutstyr mens mat og drikke, kopper og kar tek den enkelte med etter eige ynskje.
- <image006.png> <image007.png>Kunngjering av dagens regattaresultat med premieutdeling.
- Bålbrenning og god stemning utover kvelden.
ME HÅPAR PÅ GODT VEIR OG FIN BRIS OG GOD DELTAKELSE.
VEL MØTT
Helsing
Ørsta Seilforening