Post date: 18.mar.2012 21:22:33
Vakker søndagsmorgon, i Volda. Foto: Anders A. Steinnes
Stabil vind frå SA gjorde seilasen ut fjorden til ein leik. Foto: Anders A. Steinnes
Spekkhoggarar påveg forbi Steinnes. Foto: Albert Paul Steinnes
Det har jo vore observert kval i fjordane siste dagane, og håpet om å få oppleve dette satt i oss begge på veg rundt Berknes-halvøya. Men samme kor mykje vi stirra ut i horisonten i kikkert, så var det ikkje noko uvanleg å sjå i sjøen. Men, men. Ein får leve i håpet om at det ein dag er min tur til å bli omsverma av
blåsande spekkhoggarar rundt skutesida i solnedgong.
Meldingane for helga var definitivt ikkje på vår side. Fredag drog det opp med kuling og storm. Og søndag ettermiddag kom kuling, lyn, og seinare snøbyger. Men midt i mellom der, frå laurdag ettermiddag til søndag formiddag, ja da var det flott å være på sjøen. Og det var akkurat den tida vi trengte til ein fullkomen tur på fjorden i skuta vår.
Anders A. Steinnes
På veg inn Ørstafjorden. Nysnø i fjella. Foto: Anders A. Steinnes