A-piren utan Straum
Post date: 05.jan.2014 21:21:04
A-piren er no utan straum, då det vart oppdaga gnistar frå kabelen under landgangen, i mellomgangen mellom plastrør og betongbrygge, søndag kveld. Bakgrunnen for oppdaginga var at sikringane for A-piren hadde gått både laurdag og søndag. Årsaka er truleg gnag mellom betongbrygga og kabel. Hamnestyret er varsla gjennom formann, som vil sette folk på det i morgon mandag.
Anders
05. januar 2014