Pinsetur til Øye 02. - 05. juni 2017

Post date: 01.jun.2017 08:05:59

https://lh3.googleusercontent.com/tbWV7M4v3dRmjJThm-b4a8YYBhobpMbCqNr3Fe6H1Z1mL_S2-r-y9Il-FC5tM2cI-a1QR1Zdp_q2xQn7570PIUuOQisTKs9Hgc0dtS3_z8nNMAJGOFl1GldKYYUeU-aE2FhwWZLc1IJiVVYlRc9LQf_hUBntnMiH51XE3XrU0HLMsMsFgcpipjkLPzwJ1eGffXiqB7dQ0rc9D4YX8HIE-mDxmqzYF6835f5HGuTimZMopca3x1DYw6oMvGK3SZfIqUMQtCaYUiWgVI7hazHscI27MBScLTyh5gzPmHu-N0dxw-f5PB7N5Tyg87WElsW4zhPzzTwmOSIg2efTAdnk5tsb1t5JfAsglBMNE7eIK3jlqd-ioMNAyr3SjtJDvCPy1a8JIKiZX5WwIKey0sXmfgUKVc4OV2_cphggogT3N4hykxKN3IcO-VaZbY7Lse8s2Zxwu7Rq8fYpSR_Zf4bux4p9UdUeuEkEAn_cZ__1k-sy4oBdyHuwtd_cW8V_weCtFpUAILER3Lx8zqcKw6kGN9o9gSSCTYXf-l1Bj_zBitunGl-DP66_Wsdx5Z_L06zleeBU3P4ykCIJ_yKWtc_1LHup3YxiWvs62AI8qrlBaDOFGmNyPnLfCw=w1379-h776-no

Foto: Anders A. Steinnes (2016)

Hei alle seilvener.

Helga 02. – 05. juni er det PINSE og tradisjon tru så reiser vi i ØSF på tur til Øye. 

Fyll båten med alle slags godsaker og bli med.

Dette er ein familietur utan regatta, der både vaksne, ungdomar og born skal kose seg, og opplegget vert omlag slik:

·         Vi legg opp til felles grilling pinseafta og har også i år tinga ”kaihuset”

·         Turgåing.........muligens vi får til ein tur til Bentebu/Saksa.  

·         Har du sykkel, er det fint å sykle til Urke og kjøpe tomat.

·         Sitte i solskinet i hagen på Hotell Union og nyte ei kald………………

·         Eller kanskje berre slappe av og lese ei god bok.

Elles vil vi gi fylgjande råd/info:

-          Øye har ikkje butikk, så det du skal ete og drikke må du ha med sjølv

-          Ørsta Seilforening kjøper inn grillkol og tennveske til fellesgrilling pinseafta.

-          Satsar på finever – men ta med gode varme kle, vi er mykje ute.

-          Badetøy er lurt å ha, viss du er av det tøffe slaget

-          Det er gode sanitærforhold med dusj og toalett på land.

-          Ta med noko å ”styre” med på land – fotball, badmington, o.l

Vi håper du har lyst å vere med til Øye og ha ei kjekke helg i lag med  gode seilvener.

Ørsta Seilforening  

Britt J