Klungsvågregatta 16.-17. august 2014

Post date: 18.aug.2014 04:55:27

https://lh6.googleusercontent.com/-5ReZMMxJ48E/U_F_ZAxRWLI/AAAAAAABcew/xf6Q9T6u9Hw/w1207-h905-no/IMG_4661.JPG

Klungsvågregattaen 2014 vart også i år ein flott oppleving, med ni båtar til start. Mange var vi som skulle ha ynskja oss litt meir vind.  God tempratur, sol, men også meir eller mindre vindlaust, gjorde regattaen til ein avslappande, men høgst konsentrert regatta. Makstida på fire timar var godt over halvvegs brukt opp før vi var kome til Berkneset, og det vart dirfor avkorting på Laustad. Men sjølv ikkje det var nok for dei fleste, og kl 16.05 var det berre tre båtar som hadde kome over målstreken ved fergekaia. To hadde allereie brote, medan dei fire siste låg side om side eit lite stykke frå fergekaia. Desverre skulle det byrje å skye over, og etter kvart også regne, men det er da inga hindring for godt lag i ØSF. Grillplassen vart tillaga med plasttak, grillar og bål, og dermed var festen igong. Åtte båtar hadde funne vegen til Klungsvågen, og dermed var det ein god gjeng med store og små som kunne kose seg med grillmat, røling og premiering.

Søndag morgon ville sola atter kome igjennom, og dermed fekk vi ein strålande avsluttning på årets helgeregatta, med soling, bading og sosialt lag i vågen.

https://lh3.googleusercontent.com/-g2Cv5dQZ3Ww/U_F_ZB0ySUI/AAAAAAABcew/u7G2ci2S0lQ/w1207-h905-no/IMG_4666.JPG
https://lh3.googleusercontent.com/-uetG5L_8-Wo/U_F_ZD7Q2HI/AAAAAAABcew/Qa_Dw59WV1w/w1207-h905-no/IMG_4681.JPG
https://lh6.googleusercontent.com/-S59g3FCFJP8/U_F_ZHezblI/AAAAAAABcew/onwd-CttkWE/w1207-h905-no/IMG_4682.JPG
https://lh3.googleusercontent.com/-H-WhHel3Iys/U_F_ZE9w1nI/AAAAAAABcew/C2LbWIRKr9M/w1207-h905-no/IMG_4692.JPG
https://lh4.googleusercontent.com/-qsZcCptjgdI/U_F_ZHFPbFI/AAAAAAABcew/5n7yEHBKmQI/w1207-h905-no/IMG_4700.JPG
https://lh6.googleusercontent.com/-dNmkDkhebsc/U_F_ZE9BgsI/AAAAAAABcew/exuLGHj7q2k/w1207-h905-no/IMG_4717.JPG
https://lh3.googleusercontent.com/-8o0vcDxOG3E/U_F_ZHMsUuI/AAAAAAABcew/svOT6otArvY/w1207-h905-no/IMG_4704.JPG
https://lh4.googleusercontent.com/-B5Njxi27VN4/U_F_ZFMpXMI/AAAAAAABces/rIcMLcJmpOE/w1207-h905-no/IMG_4723.JPG
https://lh3.googleusercontent.com/-rEiWICLcVdI/U_F_ZGcUqXI/AAAAAAABcew/iPMNozijFKE/w1207-h905-no/IMG_4728.JPG

   Foto: Anders A. Steinnes

Resultatlista:

1. Atle Bjerkvik

2. Bent Nilsen

3. Arne Østgaard

Dei andre som deltok, men som endte med DNF var:

Sverre Aambakk, Torbjørn Gjøsdal, Per Terje Haugen, Alf Rune Ose, Oddvar Marøy, Anders Steinnes