Tre båtar frå Ørsta til Intercity 2012

Post date: 12.jun.2012 19:05:37

Etter å ha passert Ålesund og Valderøya blåste det kraftig opp i Vigrafjorden.

Laurdag 9. juni var det på nytt Intercity-regatta mellom Molde og Ålesund. Det vart litt færre båtar i år enn dei tidlegare åra, men med dei tre båtane frå Ørsta vart det 27 båtar til start. Turen oppover på fredag vart solfyllt, med god bør (27-28 knop) mellom Valderøya og Dryna.

Nydeleg kveldssol ved Midsund. Reperasjon av Genoa som fekk gjennomgå i Vigrafjorden. Nærare 2 meter saum måtte til for at segle skulle kunne fungere til dagen etter.

Det var som vanleg skippermøte kl 07.00 om morgonen og regattastart kl 08.00. Men med null vind i startområdet utanfor Seilet, vart starten utsatt og flytta til Juulneset. Der vart det meir fart på sakene og alle klassene kunne starte etter råkes. Oddvar Marøy med Frida starta i turklassa og var dermed først ut. Dernest kom underteikna med Ariel i Klasse 2, og til sist starta Kjell Sævik i klasse 1 for båtar med lystal over 1,21. 

Regattastart ved Seilet, Molde, som vart avblåst. Ny regattastart ved Julneset.

Med fritt baneval valgte dei to fyrste frå ØSF å segle ut Julsundet og vestover på nordsida av Otrøya og Midøya. Etter å ha kome ut i Grunnefjorden vart det fart i skutene, og fleire heiste spinnaker i vinden frå NA. Og for nokre av dei vart det vel kanskje litt vel spennande. Ei skute såg vi berre kjølen av i nokre sekund, og ei anna fekk spjæra spinnakeren i to. Ute i Harøyfjorden vart det målt vind opp mot 34 knop (stiv kuling). 

Med vind i oppmot 34 knop vart det ein spennande og utfordrande jobb for styrmann ombord på Ariel

For mannskapet ombord i Ariel vart det ein artig men også krevjande seilas til Ålesund. For styrmann var det konstant jobbing på roret i dei etterkvart 1,5-2 meter høge havbårene. Men det flotte været gjorde seilasen til ein flott oppleving.

For skipper Anders vart det spennande å sjå om han greidde å slå dei to andre båtane frå Ørsta på faktisk tid. Og det greidde han gitt :-)). Kanskje bitte litt surt å tenkje på at hadde vi segla i turklassa, så hadde vi vunne.

Frå hamneanlegget på Gåsholmen og tre fornøyde karar med sine krystallglas. Gratulerer til mannskapet ombord på Frida for 2. plassen i turklassa

Resultatlista vart som fylgjande for dei tre frå Ørsta:                                                                      Resultat Over All:                        Tid:

Klasse 1 LYS=>1,22        NOR12576    Kjell Sævik                            Volante    7. plass av 11 båtar            21. plass                            05:49:00

Klasse 2 LYS=<1,21        NOR11971    Anders Albertson Steinnes       Ariel       7. plass av 12 båtar            10. plass                            04:55:28

Turklasse                        NOR9696      Oddvar Marøy                         Frida       2. plass av 4 båtar              13. plass                            05:01:38

Det bør også nemnast at Per Johan Ramsli frå Volda med båten Pytheas var med og kom på 4. plass i turklassa og på 16. plass Over All i sin Maxi Magic 26.