Retura Hauststormen 2012 - Resultat

Post date: 30.sep.2012 13:35:49

                                    Foto: Knut Arne Nygård

Så var årets siste regatta i regi av ØSF over. 11 båtar stillte til start på Rjåneset, noko som er imponerande i forhold til antal medlemmar i foreininga. Svak vind gjorde regattaen utfordrande, og for mange vart det fullstendig stopp inne i Bjerkvika. Men som eit plaster på såret vart det nydeleg vær med berre meir og meir sol utover dagen. Bana fekk avkortning ved Raudøyholmen, og dit nådde berre fem båtar innanfor maksimaltid. Det vart ein litt overraskande pallfordeling med tanke på kva båtar som hadde hatt god leiing gjennom heile regattaen, men som havna i stilla like ved mål.

Resultatet vart som fylgjer:

1.        Arne Østgaard - Desiree

2.        Bent Nilsen - Anne Lise

3.        Petter Eikrem - Desiree

4.        Anders A. Steinnes - Ariel

5.        Lars Jørgen Vik - Bris

DNF    Atle Bjerkvik - Memore Bell

DNF    Jan Osborg . Ohana

DNF    Per Terje Haugen - Blue Quest

DNF    Oddvar Marøy - Frida

DNF    Jørn O Øie/Gunnar Knutsen - 4-Lives

DNF    Lars Øie