ÅRETS FYRSTE TUR

Post date: 14.mar.2012 22:35:17

Årets fyrste tur med Ariel gjekk ut til Ulsteinvik. Det var meldt sørvest stiv kuling denne fredagen og det vart det. Ein liten periode lukta vi så vidt på liten storm også. Men har underteikna bestemt seg for å reise på tur, er det mykje som skal til før han gir seg. Og slik vart det også denne gongen. Fredag 24. februar vart det tatt laust frå Ørsta med to lettmatrosar som mannskap. Og sjølv om vi måtte leggje oss bi i Klungsvågen nokre timar medan det bles som værst, så hadde vi ein utmerket tur til Ulsteinvik. Vind, regn, sol, frost, mildvær og snøvær - alle ingrediensar på eit skikkeleg vestlandsvær vart det denne helga. Under returen søndag vart lettmatreosane bytta ut med ein erfaren sjømann. Og då vart det segling heimatt, via Sandsøya. Sjølv med litt ruskete vær i starten, vart det ein fortreffeleg start på sessongen for skipper og mannskap.

Opp i liten storm i kasta, gjorde sitt til at turen vart fullkomen for

skipper Anders.

Det kan være svært så vakkert i Ulsteinvik.

Far og son i sitt rette element - på sjøen - saman.