Fotokonkurranse 2012 - Resultat

Post date: 30.sep.2012 13:49:16

Her er resultatet etter haustens fotokonkurranse. Tre bidragsytarar sendte inn bilete frå årets regatta, og etter avstemming blandt skipperane som hadde deltatt på Retura Hauststormen 2012, vart vinnaren Jiri Nagy, som for øvrig er fast mannskap ombord i Ariel. Dei to andre bidragsytarane var Rune Ørstavik, mannskap på Frida og Kristian Østgaard, mannskap på Desiree. Kanskje kan vi gjenta dette til neste år, der endå fleire kan leite fram kamera når det er mykje segl på fjorden.