Hei seglarvener!

Post date: 17.mar.2015 19:47:23

Nytt styre vart konstituert og styret i ØSF er no følgjande:


Leiar: Bent Jan Nilsen ny

Kasserar: Arne Østgaard

Skrivar: Britt Østgaard 

Regattaansvarleg: Atle Bjerkvik 

Styremedlem: Kari-Anne Ervik - ny

Styremedlem: Anders Steinnes

Styremøtet hadde ein del saker å handsame og eg «sakser» her litt frå referatet:

Ny bane i Ørstafjorden – gunderbane?

Prøveprosjekt:  

Vi vel ut 1-2 onsdagar og merkar med Gunderseilas Ørstafjorden i terminlista.

Dersom vindforholda tilseier det, vert det Gunderseilas. Viss ikkje vergudane er på vår side – vert det vanleg regatta.

Forslag om onsdag 27. mai i første omgong.

Poengsystem:

Dagens poengsystem krev ein del arbeid. Oddvar vil fortsette å vere poengberegnar dersom vi forenklar litt.  

Vi går vekk ifrå slik vi har det no – med å la berre dei 8 beste regatta telje.  

Vedtak om at alle regattaer vert teljande i poengberekninga for sesongen 2015.

Terminlista 2015

Terminliste er stort sett klar. Aktivitet og arbeidsfordeling vert om lag som før.

Vi lagar ei Årsbok og legg på heimesida – Anders tek ansvar.

Regattabøyer

Regattabøyer må leggast ut i veke 18.

Ansvarleg her er Anders, ilag med Peter Holvik og Kjell Sævik

Pinsetur og Klungsvågregatta

Pinsetur og Klungsvågregatta – køyrer same opplegg som før.

Svinøyregatta

Vi prøver igjen å få til eit opplegg. Må vere i løpet av juni.

Få dato på terminliste og gjere det kjent slik at vi får fleire påmelde i år.

Bent og Atle tek ansvar.  

Kontingent.

Arne sender ut e-post om medlemskontigent i løpet av april.

Neste styremøte onsdag 08.04 kl 19.00 på Ankerstova

Helsing

Bent

Som vanleg vart dette halde etter den gode gamle lesten, med årsmøte, foredrag med bildeframsyning, premieutdeling for regattaserien og god mat og drikke.

Formann i Ørsta Seilforening - Bent