Post date: 30.aug.2015 11:09:58
I høve friluftsåret 2015 inviterte ØSF til Seilingens Dag i Ørsta laurdag 22. august. Desverre var det ikkje så mange nysgjerrige som møtte opp, men dei som kom, fekk seg ein flott tur på fjorden. ØSF stillte i utgangspunket med fem båtar, men det vart berre behov for tre. Stor takk til dei i ØSF som sette av tid, og ville dele båten sin med andre denne dagen.Sjølv om det var labert oppmøte, ynskjer ØSF i utgangspunktet å gjenta dette arrangementet, da kanskje under paraplyen Naturfestivalen i Ørsta.
Å rekruttere nye menneske til denne måten å ferdast på sjøen er ein god ting, og dette kan være ein måte å gjere det på. Så gjenstår det å sjå om dei som deltok på Seilingens Dag i Ørsta, neste år stiller med eigen skute......
Stor takk til Jan Evo Fahle, Knut Arne Nygård og Carl-Åge Henriksen for foto og video.
Foto. Jan Evo Fahle (Helgehornet)
Foto: Knut Arne Nygård