Ørsta Seilforening (ØSF) er ei lita seilforening på Sunnmørskysten.  Allereie i 2002 starta vi med litt uformell regattaaktivitet.  Det viste seg at interessa for seglsporten var stor i vårt område, noko som resulterte i at Ørsta Seilforening vart skipa 3.mars 2005. Vårt hovudmål er å fremje seglsporten. Vi driv med regattasegling frå mai til oktober og i tillegg har vi fleire familieregatta der vi legg stor vekt på det sosiale.  Sidan starten i 2005 har medlemstalet og aktiviteten i ØSF dobla seg.  

Det er i dag ca 30 båtar som seglar under ØSF sin vimpel. Men  sjølv om det er ”båt med skipper” som er rekna som ein medlem, så har vi mange aktive. Med ”fruer” og born og andre slekt og vener som mannskap vil vi tru at det er om lag 100 aktive seglarar i ØSF.

ØSF sine medlemar brukar båtane mykje både til tur og regatta. Pinseturen til Øye er noko vi ser fram til.  Dette har vorte ein årviss tur der det sosiale ilag med familie og seilvener  er det viktigaste.  ”Voldaseilasen” er også ein årleg tradisjon. Her avsluttar vi i Klungsvågen med grilling, fiskekonkurranse og mykje kjekt sosialt samvær for både born og vaksne.  

Onsdagsregatta vert arrangert frå mai, til september. Vi vekslar på å ha regatta i Ørstafjorden, ved Rjåneset og ved Berkneset.  På alle desse plassane har vi ulike baner å velje mellom og i gjennomsnitt har vi  hatt 8 – 12 båtar som stiller til start kvar onsdagsregatta.

Årets siste regatta,  ”hauststormen”,  vert arrangert på ein laurdag, med  premieutdeling og sosialt samvær like etter at siste båt er komen i mål.

Årsmøte/fest med premieutdeling for onsdagsserien held vi kvart år i januar.

Har du seglbåt og synest dette høyrest kjekt ut så er du velkomen som medlem.  Årskontigenten er kr 500,- pr båt.  Ta gjerne kontakt med ein av oss i styret om du ynskjer meir informasjon.