Onsdagsregatta - Gunderseglas 29/8-2018

Post date: 29.aug.2018 20:53:38

Værmeldingane slo til som lova. Etter kl 1800 skulle vinden dreie frå søraust til kuling frå sørvest.

Det vart valgt rask tidtabell og med vindskifte like etter kl 1800 vart det heftigt for mange. Med svært ulik segføring og ulike variantar av reving, fekk alle prøvd seg skikkeleg.

Tilsaman 8 båtar stilte denne ettermiddagen, medrekna Vaagen/Standal som hadde eit veeeeldig seint frammøte, men fullførte med mykje mannskap og nyvunnen erfaring med reving i kulingseglas.

Ved første runding leia Steinnes tett fulgt av Masdal. Desse heldt leiinga også etter siste runing ved Eiksund, men no spakna vinden noko.

Ved overettlina mellom lykta på Rjåneset og Raudøytangane var Masdal klart fremst framom Eikrem og Steinnes.

Det var tydeleg at ikkje alle hadde lest banebeskivinga godt nok og tok omsyn til kor langt frå Rjåneset ein kunne være ved passering av mållinja.

Regattakomiteen hadde difor møte i etterkant og brukt tracking frå regattaen for å avgjere kven som heldt seg innanfor mållina og kven som var klart utanfor.

Resultatet vart difor slik:

Masdal disk

Eikrem disk

Steinnes 17 p

Nilsen 14 p

Aambakk 12 p

Sævik disk

Olsen Øie 10 p

Vaagen/Standal disk