Onsdagsregatta 27. september 2017 - Ørstafjorden
Post date: 27.sep.2017 20:16:03
Finfin haustkveld, mild bris frå aust og 10 båtar til start.
2 båtar tjuvstarta, men berre Arne fekk varsel frå annan deltakar og returnerte til ny start. Desverre var Øie/Knutsen ikkje klar over forseelsen.
Det var stor spreiing av båtar utover i fjorden, og spennande kvar i fjorden det var mest vind.
Mot slutten vart det tett kniving mellom Alf Rune og Sverre om å verte første båt i mål, men sigeren gjekk denne gongen til Sverre Aambakk.
Foto: ARIEL