Onsdagsregatta 24.05.2017

Post date: 24.mai.2017 18:47:10

Lang ettermiddag med speilblank fjord gjorde at nokre valde å ikkje prioritere å drive kvilelaust rundt på fjorden, kanskje med hjelp av elvestraumen eller fjørande sjø for å kome seg iallefall eit lite stykke utover. Så litt før kl 1800 såg vi at grela utpå fjorden nærma seg. Pølsebanealternativet lengst ute i fjorden vart forkasta og deltakarane rigga seg for vanleg seglas, svart bane (Start,Rystelandet, Hagen, Digernes og Mål).

Med 4 båtar til start, med jamn vind opp til 10 msek frå V-NV vart det ein rask regatta. Gratulere til Alf Rune som sikra seg den andre sigeren for sesongen.