21/9-2016 nest siste onsdagsregatta

Post date: 21.sep.2016 19:39:37

Det vart mannskorsongen som dominerte starten av ein stille regatta. 10 båtar prøvde fange vinden som aldri kom. Likevel, Bent Nilsen seig sakte frå startfeltet og kom lengst mot første rundingsmerke. Starten vart utsett 2 gonger. Seinare kom ny melding om avlysing dersom det innan kl 1930 ikkje kom vind.

Alle startande båtar fekk difor registert "DNF" denne gongen.

Samanlagtresultat før siste onsdagsregatta. Dei 8 beste resultat so longt + 1 p pr start.

Dei 2 første plassane er avgjort, men 3.plassen er uavklara. Aløtso litt spenning igjen til siste runde.

Gratulerer til Bent Nilsen som blir vinnar av 2016 sesongen.