Gunderseglas Rjåneset 17/6-2015

Post date: 17.jun.2015 21:12:34

Flotte forhold ved start, laber bris frå vest. Litt diskusjon om kva tidtabell som skulle nyttast.

Yr.no meldte ei vindbyge rundt klokka 1800 og dersette spaknande vind.

Og yr.no hadde berre so altfor rett. Etterkvart som båtane kom aust om lykta på Rjåneset, sigla alle seg inn i vindstilla. Der venta ein tolmodigt på vind ein heil time.

Kl 2056 kom eit drag frå søraust som gav framdrift, men makstida kl 2100 vart det ingen som greidde.

Deltakarar etter starttidspunkt. Alle med kun deltakarpoeng.

Peter Holvik

Gunnar Knutsen

Oddvar Marøy

Anders Steinnes

Bent Nilsen

Per Terje Haugen

Atle Bjerkvik

Sverre Aambakk

Petter Eikrem

Tor Taftesund