Voldafjordseilas 26.06.13

Post date: 26.jun.2013 19:56:20

Kjempeforhold ytterst i Voldafjorden. Nordleg laber bris, friskna på til frisk bris.

Nokre vindbyger gav tilstrekkeleg med utfordringar, og kanskje eit lite rev i storseglet kunne vore på sin plass.

Kjekt at Kåre Johan vart med, på tide.

Valg av bane vart spennande på slutten, men med rimeleg jamn vind alle stader, var det neppe avgjerande.

Kjekt å ligge på rundt 6 knop frå start til mål.

Fleire begynner å etterlyse samanlagtlista, ikkje for å sjekke kven som leder, men det er interessant å sjå kvar ein sjølv er å finne på lista.

Samanlagtlista finn du under resultatet for dagens regatta.

Neste onsdag i Ørstafjorden er siste regatta før det vert ferieopphald.

SAMANLAGTLISTA NÅR 7 ONSDAGSREGATTAER ER AVVIKLA

Bent Nilsen har ein suveren ledelse. Det er snart på tide han deler litt meir av den kunnskapen og vurderingar han gjer under ein regatta.

For underteikna startar alle regattaer med stor tru på at i dag er det dagen, men innstillinga har eit lag med å endre seg til at det er no likevel viktigast å delta, eller det er no kjekt å lufte seg ein gong i veka, eller andre tilsvarande dumme unnskyldningar. Men likevel, d e kjekt, for nall del.

Det er foreløpig ingen frådrag på poeng då det ikkje er avvikla 8 regattaer enda. Då er det ein sjanse til for å pynte på plasseringa.