Onsdagsregatta 15/5-2013

Post date: 15.mai.2013 21:06:27

Startbåt Bent Nilsen - Grøn bane.

Rundingsbøya som tidlegare låg på Sætre, ligg for tida ute i Hagen, noko som betyr at ein etter runding på Digernes må krysse tvers over fjorden istadenfor å segle innover mot Sætre. Kanskje bøya ligg godt der ho no ligg.

6 båtar stilte til start i gråværet. Skiftande vindstyrke med rimeleg stabil retning.

Det vart spennande å sjå kva ulike rutevalg ville få for framdrifta inn Ørstafjorden. Dei som heldt seg nærast mot Rystelandet tente på dette.

Klar siger til Bent Nilsen.