Onsdagsregatta 12/6-2013

Post date: 12.jun.2013 20:21:55

GUNDERSEILAS FRÅ RJÅNESET

Sjølv om utrøna bles godt i Ørstafjorden, var vindforholda meir etter meldingane på Rjåneset, berre at det var meldt nordavind og ikkje sør eller sørvest slik vinden vart opplevd.

Rekorddeltaking med 13 båtar til start, så det var synd at vinden uteblei.

Det er å beklage at det vart gitt utydelege meldingar ved start, men ingen hadde ulemper som medførte tidstap.

Grunna vindforholda vart svart tidsplan eit sjølvsagt val.

Med dårleg framdrift vart det notert passeringsrekkefølge ved Berkneset. Dette var klokt for ingen ville nådd målline innan kl 2100.

Bent Nilsen hadde lenge eit godt forsprang, men låg til slutt i vindstilla ved Eika. Han var likevel suveren vinnar som runda lykta ved Berkneset lenge før neste båt. Gratulerer.

Rekkefølge og poeng følger av tabellen under.

Flyfoto: Stig-Petter Rekkedal