Avslutning på onsdagsserien

Post date: 27.sep.2013 21:52:49

Nytt banevalg, Pølsebane Digernes - Hagen

Nordavinden tok meir tak enn mange hadde tenkt, der den kaste seg utfor kanten av Skorgedalen, men ved runding ved Hagen rådde svartestilla.

Pølsebana mellom Digernes og Hagen bydde på sine utfordringar, først med ujamn kastevind, og seinare vart tolmodet satt på prøve. Siste båtane passerte mål i tussmørket og måtte leite langs land etter rundingsbøya. Atle sleit med genakeren og gav til slutt opp, og Øie/Knutsen valde å kome seg til hamn før det vart for mørkt?

Samanlagtresultat onsdagsserien 2013

Felt som er merka gult gjeld resultat som ikkje tel med. Kun dei 8 beste resultat tel med.