Resultat - Klungsvågregatta 2012

Post date: 12.aug.2012 05:05:27

Heldigare med været kan ein vel ikkje være. Laurdag morgon kunne vi vakne til sol og varme. Det gav ein flott start på den årlege Klungsvågregattaen. Sju båtar stillte til start ved Rjåneset, og grøn bane vart valgt. Og for første gong i ØSF si historie stillte også ein Collin Archer - skute til start. Litt varierande vind ved start gjorde at startbåt tok laust før alle var passert startlina, men vinden tok seg opp etter kvart. Inne i Bjerkvika var det på ny heller "rolege" vindforhold, med det var berre med på å auke spenninga for fleire av deltakarane når det kom til val av kurs. Etter runding ved stake ved Lidaholmen vart det jamn og god vind ut til Eika via Berkneset. Ikkje alle hugsa like godt at vi skulle ha BB-runding av sjømerke, noko som også på siste legget gav spenning ang. resultat.Alle kom i mål innan for makstida på fire timar. Etterpå var det som vanleg oppankring i Klungsvågen med bading frå båtane, fiskekonkurranse for borna og grilling på kvelden med premieutdeling. Flott vær og flott arrangement også i år.

Frå starten på Rjåneset. Foto: Anders A. Steinnes

Rolege og litt varierande forhold ved start. Desiree passerer startlina. Foto: AA Litt kniving ved runding av Lidaholmen for dei fyrste tre båtane. Foto: AAS

Collin Archer - skuta "Madeleine" ved målgong. Foto: AAS God og avslappa stemning i Klungsvågen. Foto: AAS

Fiskekonkurranse. Foto: AAS Team "Ariel". Vinnarane av årets Klungsvågregatta 2012. Foto: AAS