Regattaresultat 13. juni - Gunderseilas frå Rjåneset

Post date: 13.jun.2012 19:38:01

Kun 5 båtar til start i glimrande forhold. Jamn vind frå NA med 15-17 knop gjennom heile regattaen.

Sjølv med yr i lufta og få varmegrader, vart det nok arbeid til å halde varmen.

Bent Nilsen runda først på Bjerkneset med Jostein Runde like bak.

På kryssen mot Eiksundet måtte alle gjere eit ekstra kryss for å greie Eiksundet.

Bent Nilsen hadde betryggande leiing med Oddvar Marøy nærast.

Arne Østgård, Per Terje Haugen og Jostein Runde såg ut til å runde ved Eiksundet rimeleg likt, men utan sjanse til å kunne ta igjen dei to bpåtane i tet.

Rekkefølga i mål vart slik:

Bent Nilsen kl 19.14.49 17p

Oddvar Marøy kl 19.17.25 14p

Arne Østgård kl 19.21.48 12p

Per Terje Haugen kl 19.23.46 10p

Jostein Runde kl 19.24.55 8p

Frå startområdet. Arne Østgård som startbåt

Bent Nilsen kom først i mål og Jostein Runde avslutta.

Foto: Anders A. Steinnes