Regattaresultat 23/5-12

Post date: 23.mai.2012 21:19:04

Fantastisk flott vær, mange å tjue varmegrader, moderat utrøne og rekordmange deltakarar for sesongen med 12 båtar til start.

Etter runding Digernes spaknar vinden. Etter runding på Ose var feltet rimeleg samla, men vindstilla ville ingen ende ta.

Det vart lytta til tollprat mellom nokre fiskarar i Rovdefjorden, Anders tok årets første regattabad og fiskesuppe vart servert til eit svoltent mannskap.

Kun 5 båtar greidde å fullføre innanfor maxtida, men det var ein flott dag på fjorden sjølv om det vert delt ut få poeng denne gongen.

Etter tre regattaer er samanlagtlista slik:

1 Bent Nilsen

2 Jostein Runde

3 Petter Eikrem og Atle Bjerkvik

Foto: Anders A. Steinnes

Litt jobbing vart det ei stund