27. juni-Onsdagsregatta Voldafjorden

Post date: 28.jun.2012 20:33:16

Start på Bjerkneset, svart bane (pølsebana mellom Bjerkneset og Lauvstad ferjekai)

Flotte forhold med frisk bris frå nord. Synd at berre 5 båtar stilte til start.

Midtvegs inn mot Lauvstad vart eit par av båtane hindra av ei lang trosse som flaut høgt i sjøen, men heldigvis unngikk ein at trossa hekta fast sjølv om det medførte redusert fart før trossa slapp taket frå kjølen.

I 17-18 knops vind vart det vanskeleg å krysse med full seglføring, noko som medførte mykje unødig jobbing.

Sævik deltok på sin andre regatta for sesongen og drog i land ein klar siger også denne gongen, gratulerer.

No er onsdagsserien halvkjørt og Per Terje Haugen har stilt på alle arrangementa, kjekt med nye entusiastiske deltakarar

Då håper vi på stor deltaking neste onsdag, før det vert regattaferie !

SAMANLAGTLISTA SER NO SLIK UT PR 27.06.2012