Gunderaseglas frå Rjåneset

Post date: 07.jun.2017 21:23:13

9 båtar til start i svak vind frå start. Det vart avtala å nytte tabell for langsam regatta.

Jørn som starta først hadde god leiing ved runding på Bjerkneset.

Bent var her ein god nummer to. Etterkvart vart det vind for dei raskaste båtane medan Jørn blei liggande stille og observere at dei fleste andre fann vind nærare oppunder land ved Eika. Alf Rune vart første båt ved runding i Eiksundet. Etter siste legget var det kun Bent som greidde gjennomføre heile regattaen innanfor maxtida, men alle båtane hadde runda ved Eiksund.

Etter jurymøte vart det beslutta avkorting ved Eiksund, med grunngjeving å unngå at dei fleste skulle sitte igjen med "dnf". Raust av Bent.

Regattaresultat:

17 p Alf Rune Ose

14 p Bent Nilsen

12 p Petter Eikrem

10 p Tor Taftesund

8 p Arne Østgård

6 p Peter Holvik

4 p Kjell Sævik

3 p Jørn Olsen Øie

2 p Sverre Aambakk

........og det er mange gode forslag å einast om når det gjeld reglar m.v. Det manglar ikkje på samtaleemne på bryggekanten