SY Fant på langtur - Portugal 12. mars 2015

Post date: 19.mar.2015 10:39:24

http://fant1.bloggnorge.com/

Vi kom til Porto 10 mars og har hatt lite vind frå Cascais i Lisboa som var siste havna før me segla vidare mot Porto. I Figueira da Foz låg vi over ein ekstra dag på grunn av sterk vind frå nord. Vi har stort sett hatt motvind (nordavind) siste dagane, men ikkje meir enn att vi har har hatt god framdrift for motor. Figueira da Foz er ei havn som ofte vert stengt på grunn av svell (drag), men vi var heldige på det tidspunktet vi gjekk inn og ut av denne havna. Sjølv om havna var åpen når vi gjekk inn var det likevel spennande og segle inn mololøpet i 3-5 meter høge bølger.Vi har vore her på ferie for mange år sidan ilag med Jonas, og det var kjekt å sjå att denne fiske og feriebyen. Når vi gjekk ut av Figueira da Foz og ned elveløpet møtte vi flytegarn som var sett på tvers i elva på to plassar. Dette var uventa, men vi oppdaga dei tidsnok til å gå klar. Innløpet til Aveiro var også utfordrande på grunn av svell, men vi gjekk inn på flødane sjø og hadde fart på 11,5 knop til vi var på innsida av moloen. Her gjekk vi ein time opp i elva og la oss til på ein lokal marina. Det går fleire kanalar gjennom Aveiro, og det minner litt om Venezia med fargerike kanalbåtar,bruer og smale utsmykka hus. Er også ein av dei viktigaste fiskerihavnene i Portugal. Neste dag gjekk vi ut på fjørande sjø og vidare til Porto der marinaen ligg 2 NM frå innløpet av elva. Porto er ein spesiell by på mange måtar og bør opplevast. Det er ein av dei gamlaste byane i Europa, og nest største byen i Portugal. Fantastisk bru over Duero-elva, og over alt er det ting å sjå som imponerer. Tok ei runde med tuk tuk bil, ein fin måte for sightseeing for så å spasere rundt etterpå. Kysten av Portugal er utfordrande med mykje svell og garn så vi har stort sett å gått ein time ut frå land for å unngå dette. Men det vert også mange gode fiskemiddagar langs denne kysten, både lokal fisk og bacalao frå…Norge… Vi tek sikte på å segle vidare 16 mars og vil då nå siste havna i Portugal før me på nytt er i Spania. Siste dagana har vi fornya mannskapet med Piotr ein kollega frå Polen.

Kåre Johan Eikrem, SY Fant

http://fant1.bloggnorge.com/files/2014/02/IMGP0015-e1392229690235.jpg