Pinsetur til Øye - 22. - 25. mai 2015

Post date: 08.mai.2015 08:28:14

https://lh5.googleusercontent.com/-7YyqPJK4xBw/U5gPczJn1wI/AAAAAAABTfI/vgh25LL34ec/w958-h719-no/IMG_3923.JPG

Hei alle seilvener.

22. – 25. mai er det PINSE og tradisjon tru så reiser vi i ØSF på tur til Øye.

Fyll båten med alle slags godsaker og bli med.

Dette er ein familietur utan regatta, der vi håper både vaksne og born skal kose seg, og opplegget vert omlag slik:

· Vi legg opp til felles grilling pinseafta og har også i år tinga ”kaihuset”

· Kanskje quiz/konkurranse…….eller noko liknande.

· Turgåing på eige initiativ.

· Har du sykkel, er det fint å sykle til Urke og kjøpe tomat.

· Sitte i solskinet i hagen på Hotell Union og nyte ei kald………………

· Eller kanskje berre slappe av og lese ei god bok.

Elles vil vi gi fylgjande råd/info:

- Øye har ikkje butikk, så det du skal ete og drikke må du ha med sjølv

- Ørsta Seilforening kjøper inn grillkol og tennveske til fellesgrilling pinseafta.

- Ta med gode varme kle, vi er mykje ute.

- Badetøy er lurt å ha, viss du er av det tøffe slaget

- Det er gode sanitærforhold med dusj og toalett på land.

- Ta med noko å ”styre” med på land – fotball, badmington, o.l

Vi håper du har lyst å vere med til Øye og ha ei kjekke helg i lag med gode seilvener.

Ørsta Seilforening

https://lh5.googleusercontent.com/--lkHSSd9SRE/U5gjC96NFdI/AAAAAAABTm0/tZ6bLwX-LvI/w958-h719-no/IMG_3963.JPG
https://lh5.googleusercontent.com/-XrmF96vSAFY/U5geWXV4mPI/AAAAAAABTlQ/30KKVsfNSKU/w958-h719-no/IMG_3955.JPG