Moglegheit for sørvestleg eller vestleg sterk storm laurdag 10. januar

Post date: 09.jan.2015 09:15:46

Styret i Ørsta Småbåtlag oppmodar med dette alle sine medlemmar om å sjekke fortøyningane på båtane sine i Ørstahamna. Det er meldt store moglegheiter for sørvesleg og vestleg sterk storm 30 m/s, kan hende orkan 33 m/s med vindkast på 35-45 m/s.Det er frå småbåtlaget si side oppnemnt ein beredskapsgruppe som vil gå over og sikre bryggeanlegga, samt overvåke situasjonen på laurdag. Men kvar båteigar må syte for at båten sin er forsvarleg fortøyd.

Det er full flod kl 13.53 laurdag 10. januar