SVINØYREGATTA 2013

Post date: 10.jun.2013 19:44:45

Då er Ørsta segleforeinings første arrangerte havseilas gjennomført.

Vindretninga gjorde banevalget vanskeleg og gav etterkvart store utfordringar.

6 båtar stilte til start. Ein hadde håpt det skulle verte fleire, men no sit vi på litt erfaring og må evaluere den regattaen som er gjennomført og også sjå på kva som kan gjerast for å motivere fleire til å delta.

Været la kanskje ein dempar på lysta til å delta, men medan skodda låg tung inne i fjordane var det høg blå himmel og vindstille i kveldinga ute ved Svinøya. For seglarar er ikkje vindstille akkurat drømmeforhold, men stemning kan det vert av det .

Startskotet gjekk kl 1000 ved Hjørungneset, og etter litt skiftande forhold ut Sulafjorden, var det god bør i frisk bris ut Breisundet og heilt vest om Vallabåane for dei som valde den vestligaste ruta. Litt yr og nokre regnbyger gjorde det litt surt, men dei relativt beskjedne bølgene på 1 - 1,5 m bølgehøgde vart nok for halve mannskapet omford i Frida, og krabbene fekk sitt. På kryssen i havbårene er det liten tvil om at skroglengde er godt å ha mykje av. Etter meldingane skulle vinden løye litt utpå ettermiddagen og dreie litt mot NV.

Vinden løya ikkje berr litt men mykje, men vinddreiinga vart del lite av. Alle 4 båtane som runda Svinøya sleit med å kome rundt på grunn av manglande vind og motstraum.

Det vart teke alternativ avkortingstid ved Svinøya, men 3 av båtane greidde likevel makstida ved Sandshamn.

Wind Eagle - Alf Rune Ose - Svinøy fyr kl. 16,19,00

Desiree - Arne Østgård og Volante - Kjell Sævik passere Svinøy ein liten time seinare

Frida - Oddvar Marøy - Svinøy fyr kl. 19,45,00, men greidde ikkje maxtida ved Sandshamn.

Jambo II - Peter Holvik , innsåg vest for Runde at med minkande vind ville det verteuråd å fullføre same døgnet.

Madelene - Robert Steinnes - valgte tidleg å segle innaskjers og utan muligheit til å fullføre.

Peter Holvik stilte med sin HR 32 og sigla solo. Slikt står det respekt av.

Robert Steinnes stilte med skøyte og var uheldig i Sulafjorden med stillebeltet utfor Hareid. Dei braut seinare etter å ha segla inn til Torvik og gjekk Røyrasundet og snarvegen til Sandshamn. Der venta kjæringane til manskapet med trøyst og god mat.

Siste båt til Sandshamn var Frida (Oddvar Marøy) ca kl 2300. Då var det endeleg klart for middag (nattmat) og forsøk på å vekke til live halve mannskapet som hadde meldt pass nordvest om Runde 6-7 timar tidlegare.

Etter god natt søvn og laaaang frukost var det godt å kunne kaste loss for segl, lense sørover med passeleg bør mot Rovdefjorden.

Endeleg fekk heile mannskapet ombord i Frida nyte seglgleden med frukosten i behold.

Neste år må dette prøvast oppatt, men med nokre justeringar. Det var spennande med mange timar utaskjers, men kanskje i drygaste laget for nokre. Til onsdag er det Gunderseglas frå Rjåneset, då vert det topp deltaking.

Oddvar