Gunderseilas frå Rjåneset onsdag 12/6

Post date: 11.jun.2013 20:07:32

Då er det årets første Gunderseilas.

Startande båt med høgast lystal vert startbåt og lagar startline mellom seg og lykta på Rjåneset.

Bane vert den tradisjonelle med styrbord runding ved Bjerkneset og ny vending i Eiksundet før ein kryssar Vartdalsfjorden.

Målgang er mellom Grøvikskjæret og lykta på Raudøyholmen.

Det vert ikkje folk på land for å avgjere rekkefølge i mål.

På båtar med rimeleg lik målgang må ein av mannskapet stå på baugen og klargjere når mållina vert kryssa.

Kommunikasjon om målpassering skal foregå på VHF kanal 6 og meldast idet ein passerer mållina.

Dei som ikkje har VHF melder i etterkant på tlf 91851882.

Nedanfor er starttider ut frå lystal på båtane som er registrert.

Valg av alternativ starttid framgår av farge på flagg på startbåt.