SEGLSEMINAR MED DOYLE SAILS

Post date: 28.mar.2012 20:58:11

Fredag 20. april er det duka for seglseminar med Doyle Sails for kjølbåtar i Ulsteinvik. Frå Doyle Sails kjem det to mann. Fredag er det teori i møteromet til PMC Servi, Saunesmarka, med oppmøte kl 18:30. Laurdag er det oppmøte ved gjestebrygga i småbåthamna kl 0900-0930. Der vert det rigg kontroll og visning av båtar. På sjøen vert Doyle gutta flytta rundt mellom båtane med RIBB. Det vert holdt på så lenge det er lyst, og moglegheit for opplæring. Fokus er rigg, segltrimm og seglfasong. Gutta frå Doyle hoppar frå båt til båt, så her kan ein få hjelp til mykje - både i teori og praksis.

Ein kan stille både med og utan båt, men for dei som ynkjer å stille med båt, må dette meldast inn til USF ved Tom Høymer. Det er plass til 15 båtar, der USF har første prioritet, men pr i dag er det ledige plassar. Molde Seilforening har hatt seminaret, og tilbakemeldingane der er veldig gode.

Mandag 16. april:

9 påmeldte båtar

25 påmeldte personar