Resultat onsdagsregatta 12/9-12

Post date: 12.sep.2012 19:33:35

Gråvær og manglande vind prega denne ettermiddagen, men nokre fann litt vind og mellom dei 9 båtane som stilte til start, fullførte 8 båtar.Steinnes imponerte med tolmodet sitt og fekk betalt for dette.

Alf Rune Ose har ikkje vore mellom dei flittigaste i sommar, men når han stiller blir resultatet godt og i dag vart det førsteplass, gratulerer.

Takk til regattansvarleg Lars Jørgen Vik som tidleg beslutta avkorting av bana med målgang på Digernes. Det ville nok vorte mange fleire som kom til å bryte dersom dette ikkje vart gjort, sjølv om det glimta til med nokre vndpust inn i mellom. Då gjenstår kun 2 regattaer som kan pynte på resultatlista.

Sjå denne fantastiske starten til Bent Nilsen. VIDEO: AAS

Samanlagtlista ser no slik ut :