Fotokonkurranse hausten 2012

Post date: 10.sep.2012 18:30:33

I regi av ØSF startar vi no liten ein fotokonkurranse med avsluttning torsdag 27. september og kåring laurdag 29. september. Konkurransen er meint for alle som ikkje er medlem av ØSF, dvs dei registrerte skipperane. Ut over dette kan alle delta med eit til tre fotos frå ØSF sine regattaer. Innen fristen går ut er det att tre onsdagsseilasar - alle i Ørstafjorden. Ein kan ta bilete frå land, båt eller kanskje frå fjellet. Eller kva med eit flyfoto? Om ein nyttar båt som ikkje er deltakande under regatta, må ein være obs på å halde god avstand. Ein må også hugse på at det er motorbåten som har vikeplikt.

Kåring av beste bilete vil skje etter regattaen "Hauststormen" som vert arrangert laurdag 29. september på Ankerstova i hamna. Premien er på 500.-, femhundrede kroner og vinnaren vert annonsert gjennom ØSF sine sider og med direkte melding. Det er ingen aldersgrense for å delta.

Bileta som vert sendt inn kan verte nytta på ØSF sin nettstad, ØSF sin facebook-gruppe og under ØSF sitt årsmøte i ferbruar 2013. Ut over dette etter avtale. Størrelsen må minimum være 1024x768, og det er fortrinnsvis gruppebilete som er i fokus - ikkje enkeltbåtar. Skulle ein likevel få eit situasjonsblinkskot av ein enkel båt, så kan det telle med i kåringa. Kvar deltakar kan sende inn inntil tre bilete. Det kan være bilete også frå tidlegare denne sessongen.

Regattaene i Ørstafjorden har alle start kl 1805, med start av prosedyre kl 1800. Start foregår stort sett ved området Amfi - Kaihuset - Jysk, med mållinje mellom molo med grøn lampe og bøya utanfor Jysk. Ytterste punkt for regatta er ved Digernes. Elles har vi også rundingsbøyer både på Sætre og på Ose.

NB! Hugs at det mørknar fort no på hausten i forhold til godt lys for fotografering.

Bileta sender du inn via ØSF si epostadresse: orstasf@gmail.com. Hugs å skrive fullt namn, mobilnr, og dato for når dei enkelte bileta vart tatt.

Dato for dei attståande seilasane er:

Onsdag 12. september

Onsdag 19. september

Onsdag 26. september

Om det skulle være spørsmål til konkurransen, ta gjerne kontakt.

Anders A. Steinnes

orstasf@gmail.com

47620541