Dugnad på A-piren

Post date: 08.jan.2012 09:16:13

Laurdag 7. januar var det dugnad på A-piren. Dagmars herjingar i romjula skulle no rettast opp. Det hadde blitt ein del skadar på betongbrygge og utriggarar, samt at ytterste brygga i stål var reve ifrå. Nye stokkar for feste til utriggarar kom på plass, ein ny 10 meter utriggar kom på plass og endestokken i tre vart skifta ut med stål. God dugnadsånd, trass mykje våt nedbør og golvkald.