Tur-Retur Midsund i slutten av november

Post date: 30.nov.2013 22:43:51

23 - 24. November 2013:

Det vart mange tankar som skulle gå gjennom hovudet til underteikna når ein såg været som melde seg for turhelga. Kuling til sterk kuling på kysten skal ein ikkje tøyse med. Og ihvertfall ikkje når ein skal frakte eit band som skal opptre samme kveld som vi tok laust. Men, har ein bestemt seg for å segle til Shetland, så må ein tole kuling på kysten. Her er hjelpa tross alt nær. Det vart ordna med alternativ plan frå Ålesund, om det skulle bli for voldsomt, og då var det berre å hoppe i det.

Laurdag morgon kl 0905 loffa "Ariel" ut av ørstahamna. Lett regn og rolege vindforhold, samt nokre plussgrader. Med ombord var fire karar frå bandet The Clinton Experience, som skulle halde konsert på Kroa i Midsund samme kveld. To av medlemmane var godt seglkyndige, så det skorta ikkje på godt mannskap. Vinden byrja å auke på utgjennom fjorden, og idet vi runda Rjåneset fekk vi 10-12 ms i hekken. Grunna usikkerheita på tida, valde vi å motorsegle, istaden for rein seglas. Og vinden skulle kome til å auke og auke. Da vi møtte losbåten midt i Vartdalsfjorden, vart det kalla opp for å få ein værrapport om Breisundet. 2 meter bølger og kuling fekk vi til svar, og dermed fortsette vi.

Robert Steinnes og Roar Ose Ytrestøyl

Anders A. Steinnes og Robert Steinnes

Ved Eltrane fekk vi for første gong smake skikkeleg på kulingen. Men sjølv med 15ms og nesten kvit fjord, var stemninga god ombord. Vi låg forran ETA til Midsund, som på førehand var utrekna til 7,5 timar.

Sterkaste vinden skulle vi få etter at vi hadde passert Revet. Da hadde vi kast på opp mot 20ms. Men båten og mannskap takla det flott, og med ein toppfart på over ti knop, kom vi fram til Midsund over ein time før planlagt. Men da fekk vi jo berre ekstra god tid til å nyte middagen ombord - Vossakorv, poteter, fett og surkål.

Hans Førde

Heimreisa dagen etter var sett til klokka 0900. Men etter å ha vore på konsert til kl 02, med påfylgjande samling i båten etter, kom ikkje skipper seg opp på beina før kl 0930. Dermed vart avreisa litt utsatt. Det var ok forhold da vi kasta loss frå gjestehamna, men vi hadde ikkje før stukke baugen inn i Midfjorden, så fekk vi sterk vind rett imot, og snøbyger. Kursen vart derfor sett mot Brattvåg, slik at vi kunne ha landkontakt om sikta skulle bli dårleg. Heldigvis var det berre byger, så vi var aldri i tvil på posisjon. Først etter at vi hadde gått gjennom Revet kunne vi heise segl, og då auka også farta. Vinden låg på det sterkaste rundt 15ms frå vest.

Hans Førde

Mest vær fekk vi likavel først når vi nærma oss Eltrane. Sjøen inn frå havet var på ca tre meter og vindstyrken kuling til sterk kuling. Skal seie vi surfa bra da.

Etter å ha runda Hjørundneset, stilna det av, og så kom snøbygene tett igjen. Værst var det ved runding av Rjåneset, der sikta var så dårleg at ein ikkje kunne skimte fyret på Raudøyholmen. Men ved å halde nær land, gjekk det fint, og etter passering av Raudøya fekk vi klårvær siste rest inn Ørstafjorden.

For skipperen vart denne turen nok ein utfordring som har skapt enda meir tryggheit i forhold til båt, vær og navigasjon - altså eit steg nærare målet om å krysse over til Shetland i 2014.

Skipper Anders