På tur med S/Y Fant - 25. april 2015

Post date: 26.apr.2015 12:53:40

http://fant1.bloggnorge.com/2015/04/25/vi-gjekk-ut-fra-la-rochelle-i-dag-og-har-segla-i-godt-veir-til-les-sables-de-olonne-fra-biarritz-bayonne-til-la-rochelle-brukte-vi-3-dagar-i-godt-veir-med-vinden-med-oss-distansen-er-ca-200-nm-i-ei/

Vi gjekk ut frå La Rochelle i dag og har segla i godt veir til Les Sables de Olonne. Frå Biarritz-Bayonne til La Rochelle brukte vi 3 dagar i godt veir, med vinden med oss. Distansen er ca 200 NM i eit område som vert brukt av forsvaret til skyting frå landbatteri og ut i havet. Vi måtte derfor sjekke om det var skyteaktivitet i området før me segla vidare neste dag. Dagsetappar på 10 timar gjekk greit, men det var godt å kome i havn på kvelden då vi var på same kursen heile dagen. Området er lang-grundt og for å unngå drag segla vi stort sett i ein avstand på 7 NM frå land. Arcachon var ein fin plass. Spesiell innsegling der vi måtte kome på rett tid i høve flod/fjøre. Godt merka leid, men mykje svell før vi kom inn. Nydeleg område ,masse båtar ute i det fine veiret. Typisk ferie/badeby med flotte strender. Båten vart nesten gul desse dagane. Tenkte først det var sand,men det var pollen i lufta som la seg som eit teppe. La Rochelle er ein fantastisk flott by der marinaen har plass til 5000 båtar. Gåavstand inn til gamlebyen. Kjempefin by med flotte bygningar, koselige gater og restauranter.:-) Vidare mot Brest har vi eit flott område å segle i der vi kan velge mellom øyar ute i havet eller fastlandet. I dette området må vi planlegge dagsetappane ut frå tidevatnet og tidspunkt vi går ut og inn av marinaen.

Link