FRÅ FJØRE TIL TIND - I HJØRUNDFJORDEN

Post date: 01.apr.2012 13:44:59

Morten hadde ein draum – draumen om å få reise med båt i Hjørundfjorden, for så å bestige ein topp på ski. Og draumar kan oppfyllast – det vart denne.

I femtida var karane nede att, slitne men fornøyde. Brennsnut stod klar på bordet og historier frå turen vart delt med skipper. Grunna låg sjø vart vi liggjande i hamna til halv ni om kvelden – før vi sette kursen vidare innover fjorden – til Øye. Der vart det kveldstur opp til spøkelseshotellet før alle gjekk slitne til ro.

Klare til avreise
Morgonstund på Øye

Turistar frå Shetland for anker ved Øye.

Neste morgon seig vi vidare inn til Viddal, der den sprekaste hoppa av – for ein ny topptur. Også denne dagen ville været vise seg frå si beste side, og etter at vi hadde passert Lekneset kunne vi sette segl.

Klare til avgong - ved Kaihuset, Ørsta

Fredag 23. mars la Ariel ut på tokt. Ombord var fire spente karar og ein lykkeleg skipper. Vi skulle til vakre Hjørundfjorden. Med første mål Trandal. Turen ut Ørstafjorden, via Vartdalsfjorden og inn Hjørundfjorden rett over fire timar – for motor. I det vi runda Festøya forsvant lyset, men med nærast flat fjord og måneskin, vart det ein trollsk tur innover. Og dei fire karane kosa seg meir og meir. Da lukta av ferske pannekaker seiv ut luka, var standarden satt for turen.

Etter ankomst på Trandal kl ti om kvelden, var det sjølvsagt at vi måtte ta turen opp til Christian-Gaard. Der var det ope – og vi velkomne. God stemning, og skyss opp til snøgrensa ordna før første pilsa var vekke.

Pannekakesjef - Gjøran

For fulle segl - ut Hjørundfjorden

På veg utover fjorden vart Google flittig brukt til å oppdatere seg på fjell og stadar. Spesielt vart historia rundt Molaupen-ulukka, der sju menneske mista livet i ein skredulukke i november 1971.

Neste plass av stor interesse vart garden på Strandabøen, som vart fråflytta i 1947. No er det Tussa Kraft som eig plassen, og ei kai har kome til. Dermed vart det middagspause og strandhogg her. Skipperen nytta høve til eit sjøbad medan middagen kokte. Dagen smakte av vår.

Klargjering av utstyr
Strandabøen

Klargjering av skiutstyr på Trandal hamn

Klokka ti neste dag vart karane skyssa opp i dalen – på ein traktorhengar. Sola var på veg og skyene forsvant. Ein fullkomen dag for ein topptur. Og turen gjekk til toppen av Blåbretind, 1476 moh. Samtidig låg skipperen på ei eng og dorma i sola – med dei flotte fjella på Standal-sida av fjorden å kvile augene på.

Strandabøen

Vel heime i Ørsta kunne ein konkludere med at dette vart ein vellukka tur. Og det var fleire av karane som fekk føle at dei hadde vore lenge på sjøen – det vugga framleis i sofaen heime om kvelden.

Anders A. Steinnes

Middagslur til vakker utsikt

Skipperen kosar seg i sola.